top of page
DSC00254.JPG

Sør for tettstaden Byrkjelo, omkransa av majestetiske fjell, ligg Byrkjelo Camping. Landemerket Eggenipa ruvar i enden av dalføret. 

​

Anlegget har hytter i fleire storleikar og prisklasser. Romslege oppstillingsplassar for campingvogner, parkeringsluker med fast underlag for bubil og teltplassar på plenområde nær elva.

​

Sanitærbygget inneheld kjøkken, vaskeri, toalett og dusjrom, familierom og HC baderom. Vi har opphaldsrom og sitteplassar under tak. Det er gratis tilgong til trådlaust nett i fellesområda.  På uteområdet er det ein stor leikeplass, grillhytte og bålplass. Her finn du også eit stort telt som kan nyttast til sosiale samankomstar eller som ein skyggefull stad på varme sommardagar. Campingplassen har oppvarma symjebasseng som er ope dagleg i sommarmånadane.

​

​

Sesongopning

Vi opnar campingen for sesongen 22.03.24, fram til 01.05.24 vil det vere litt redusert opningentider i resepsjonen, men vi vil vere tilgjengeglege på telefon når der ikkje er folk i resepsjoen.
 

117596683_2619904004928001_8255159105994930078_n.jpg

Campingplassen

tilbyr romslege oppstillingsplassar med straumuttak for vogner og bubilar, med fast underlag. Seperat plenareal for telt utan straumtilkopling nede ved elva.

Oppstillingsplassar
Hytter

Byrkjelo camping har

hytter i tre ulike storleikar

og prisklassar.

IMG_1120.jpg
bottom of page