Byrkjelo Camping er no stengt for sesong, men vi opnar igjen 12.04.2027
Om du har behov for å leige ei stor hytte 3 netter eller meir ta kontakt med e-post eller ring mellom 8-15, så er det muleg å leige dei store hyttene.
Byrkjelo Camping
Sør for tettstaden Byrkjelo, omkransa av majestetiske fjell, ligg Byrkjelo Camping. Landemerket Eggenipa ruvar i enden av dalføret.
Anlegget har hytter i fleire storleikar og prisklasser. Romslege oppstillingsplassar for campingvogner, parkeringsluker med fast underlag for bubil og teltplassar på plenområde nær elva.
Sanitærbygget inneheld kjøkken, vaskeri, toalett og dusjrom, familierom og HC baderom. Vi har opphaldsrom og sitteplassar under tak. Det er gratis tilgong til trådlaust nett i fellesområda. På uteområdet er det ein stor leikeplass, grillhytte og bålplass. Her finn du også eit stort telt som kan nyttast til sosiale samankomstar eller som ein skyggefull stad på varme sommardagar. Campingplassen har oppvarma symjebasseng som er ope dagleg i sommarmånadane.
Bassenget er no stengt for sesongen 2026
_edited_edited.png)

