top of page

Fasiliteter

Byrkjelo Camping har mange fasilitetar.

Her ser du kva du har tilgang til som gjest hos oss. 

Badebasseng er åpent frå kl 11:00 - 19:00

Vi har eit eige badeanlegg med stor solterrasse, oppvarma symjebasseng og plaskebasseng for dei minste. Dette er ope dagleg i skuleferien, så lenge veiret tillet det.

​

Prisar: 70 kr pr gjest. Ein betalar kun for badande gjester.

DSC00254.JPG
DSC01154.jpg
DSC01154.jpg

Sanitærbygget

I sanitærbygget finn du fleire dusjar og toalett. 

Anlegget er døgnope.

Familierom

Familierommet har toalett, 2 vasker, der den eine er tilpassa barn, og eit stort badekar. 

DSC01094.jpg
DSC01073.jpg

Leikeplass

Midt på campingplassen finn du ein stor leikeplass. Her er det fleire leikeapparat og ein stor trampoline.

Elvestien

​

Langs den idylliske gangstien ved elva kan finn du roen. Her kan du setje deg ned på ein benk, kjenne sola varme og la tankane flyte fritt til lyden av elvesus.

​

Fyr opp bålpanna og nyt lukta av ved som brenn medan du grillar noko godt saman med familie eller vener. Ta med fiskestonga og prøv lukka i elva – kanskje kveldsmaten bit på? 🎣

​

Eller kanskje du berre vil rusle ein roleg rekreasjonstur, høyre fuglesongen, elvesus og la kvardagsstresset bli att heime?

 

Dette er plassen for dei små pausane – og dei store augneblikka.

Empower
Growth

Gangsti_camping.jpeg

Byrkjelo Camping
Breimsvegen 1823
6826 Byrkjelo 

Tlf: +47 917 36 597             
E-post: camping@breim.no

 

Vær sosial med oss!
  • White TripAdvisor Icon
  • White Facebook Icon

© reedesign.no

bottom of page