top of page

Er du klar for ei moglegheit av dei sjeldne?

Sør for tettstaden Byrkjelo, omkransa av majestetiske fjell, ligg Byrkjelo Camping.

Anlegget har hytter i fleire storleikar, badeanlegg, oppstillingsplassar for bubil og campingvogner, leikeplass, samt eit stort unytta område som skal utviklast vidare, ilag med våre nye driftsleiar.

 

Vi søker etter ein person som kan ha ansvaret for den daglege drifta og kan være med på å vidareutvikle Byrkjelo Camping som destinasjon.

 

Her har man ei sjeldan moglegheit til å være med å vidareutvikle ein veldriven campingplass, samt utvikle konseptet og drifta, for videre satsing.

 

Aktiviteten svingar, og vi må tilpasse innsatsen. På travle dagar og periodar med høg aktivitet bemannar vi opp og du sjølv må være operativ og en aktiv del av drifta. Vi held opent dag, kveld og helgar, og forventar at du planlegg tida, slik at du er til stades når det er behov.

 

Denne stillinga vil bli tilpassa ut frå behov og arbeidsmengde. Den som vert ansatt får sjølv vere med å legge opp sin «årsturnus».

 

 

Oppgåver

  • Ansvar for drift av camping, hytter og badeanlegg.

  • Booking.

  • Personalansvar.

  • Utarbeide vaktlister og tilpasse bemanninga etter aktivitet.

  • Ansvar for bestillingar.

  • Utarbeide instruksar, rutiner herunder og sjekklister samt påsjå at dei blir fulgt.

  • Ansvar for vedlikehald av anlegget.

  • Utvikling av konseptet.

 

Men viktigast av alt, er ansvaret vi har for at gjestane våre skal ha eit godt opphald.

 

Kvalifikasjonar

  • Serviceinnstilt og ikkje redd for å gje det lille ekstra

  • Sjølvstendig, positiv og lojal. Du trives med å ha ansvar, og tar eigarskap til jobben din.

  • Eit ordensmenneske. Du liker å ha det reint og ryddig rundt deg.

  • God i norsk og engelsk, både skriftleg og muntleg.

  • Du er ein humørspredar, og glad i menneske.

  • Være opptatt av service og god kundebehandling.

  • Være initiativrik, kreative og evne å skape nye aktivitetar.

  • Ha evne og vilje til å stå på i periodar med mange gjester.

  • Erfaring med økonomi styring.

Er du usikker på om du har rett bakgrunn, men du har lysta og viljen som skal til? Søk!

Personlege eigenskapar er viktigare enn din CV. Du skal sjølv vere med å utforme din stillingsinstruks.

 

Vi kan tilby deg

  • Gode betingelsar.

  • Varierande og interessante arbeidsoppgåver.

  • Spennande og hektisk arbeidsmiljø.

  • Ansvarsfull jobb med varierte arbeidsoppgåver.

  • Store moglegheiter til å påverke eigen kvardag, drift og konsept.

  • Arbeidsplass i i naturskjønne omgjevnader.

 

 

Tiltreding: Det er eit behov for at den som vert ansett er tilgjengeleg seinast frå 01.04.2022

Søknadsfrist 13.12.2021

 

Spørsmål til stillinga kan henvendast til Runar Kleppe tlf. 901 24 701

 

Søknad sendast på e-post til camping@breim.no

Spørsmål ang ledig stilling?

Send søknad

bottom of page